lørdag 26. februar 2011

Timmy-tid!

Timmy er ein av favorittane på barne-tv, difor vart det Timmy-kostyme til karneval i barnehagen. Eller, eigentleg kunne ho nok godt tenke seg å vere Handy Manny eller Spesialagent Oso, men mor var rett og slett for lat og gjekk for det enklaste ;-)

Lue i svart bomullsinterlock med lange Timmy-øyre, eige mønster.
Ermelaus kjole med sauehale i kvitt teddystoff, eige mønster.
Tynn genser i svart ullribb, mønster og stoff frå Stoff & Stil.
Svart strømpebukse.

2 kommentarer: